VOSS

Velkommen til Salt Voss!

 

Du er så velkommen til oss! Vårt ynskje er å vere ein moderne menigheit for dagens menneskjer på Voss. Vi ynskjer å vere eit miljø der ein kan kome utan å tru så veldig mykje, for å finne ut meir av si eiga trusreise. Vi ynskjer også å utruste og utvikle deg som er personleg truande. 

 

FEIRE

GUDSTJENESTE

Vi feirar gudsteneste annakvar søndag kl 11 (oddetallsveker). Du er velkommen innom for 75 festfylte minutter med kvardagsrelatert bibelundervisning, live musikk og bra miljø for folk i alle aldrar.

SØNDAGSSKULE

Vi digger dei unge og opptekne av at dei skal ha det kjekt. Vi ynskjer å gje dei gode opplevingar i eit miljø der Jesus er i sentrum.

Salt Voss

TILHØYRE

 

SALT VIDARE

Er du nysgjerrig på om Salt er kyrkja du ynskjer å bli ein del av? På Salt Vidare vil sentrale leiarar presentere visjonar og verdiar, og du kan spørje om ting du lurer på. Ta kontakt viss du ynskjer å vere med.

LIFEGRUPPE

Salt Bergenskirken byggjer på to pillarar: Gudstenesten på søndagane, og LIFE-grupper i vekedagane. Vi trur det kristne livet først og fremst handlar om kvardagane, difor ynskjer vi gjennom desse to arenaane å utruste menneskjer til å leve nettopp kvardagane sine i etterfølging av Jesus. Life-gruppene i Salt Voss møtast annakvar veke.

LIFE-gruppene er tilknytt Kristelig Studieforbund og tek i mot stønad derfrå.

DÅP

Vi trur at å det å la seg døype er eit naturleg val å ta for den som vil følgje Jesus. Difor praktiserar vi såkalla truende dåp, altså at den som har valt å tru, lar seg døype. Dette gjer vi med jevne mellomrom gjennom semesteret. Fyll ut kontaktskjema under om du ynskjer meir informasjon, eller har spørsmål angåande dette.

BIDRA

 

BLI MED PÅ TEAM!

Kan du synge, spele, snakke med folk? Eller er du god på å koke kaffe, styre lyd eller leike med borna? I Salt ynskjer vi at alle skal få  bidra med sine gåver, uansett alder. Ta kontakt dersom du har noko å bidra med, eller vil vite meir.

GI EI GÅVE

Glocal – Misjon og bistand

Salt – Ei menigheit, fleire stadar

Byggfond – Vi trenger eit stort hus for Salt!

Ynskjer du å gi ei gåve, fins det tre måtar å gi på:

SLIK GIR DU:
  1. Du kan overføre til kontonummer 3000.30.14661. Send oss ein epost på post@saltbergen.no med namn og personnummer dersom du ynskjer skattefrådrag.
  2. Du kan nytte avtalegiro HER! – då vil eit fast månadleg beløp, som du bestemmer, automatisk verte trukke frå din konto. Send oss ein epost dersom du vil ha tilsendt eit avtalegiro-skjema.
  3. Du kan gi på mobilen gjennom Vipps. Søk opp Salt Bergenskirken eller Vipps-nummer: 12345 Skriv inn beløp og merk betalinga.

Merk gåva med kva du ynskjer den skal gå til: Drift, Glocal, eller byggfond, spesifikke forsamlingar osv.

Takk for gåva di! Ynskjer du skattefrådrag for gåva, er det berre å sende oss ein epost med namn og personnummer til post@saltbergen.no.

Ta kontakt om du lurer på noko!

6 + 11 =